lørdag 19. november 2011

Julemarknad

Tradisjonen i tru vert julegrana tent på torget på Bryne fyrste sundag i advent. Dette betyr mange glade og julestemte mennesker i sentrum, det betyr song, det betyr pepperkaker, og det betyr kos. Kanskje daler det ned nokre snøkorn?

Det som er heilt sikkert er at BALUBA ILLUSTRASJON held ope. Saman med vener inviterer me til julemarknad med utstilling og lansering av den illustrerte kalenderen: KALENDER 2012: "Om eg torde, ville eg..."

I tilegg til kalenderen kjem me i Baluba til å ha julekort, gratulasjonskort, limited edition til/frå lappar, originalar og trykk til sals. Kanskje står det også nokre tøy-monster i retro stoff for sal.

Håpar du kjem innom oss for ekte julestemning denne ettermiddagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar